top of page
Spørsmål & Svar

På dei ulike ferdige armbanda står det kva organisasjon som mottek donasjonen, men om du bestiller personleg, kan du velje sjølv. (Då skriv du det berre i bestillinga).
Etter at du har funne noko du ynskjer, eller bestiller eit personleg armband, betalar du som vanleg i nettbutikken.Kvar månad donerer eg til dei ulike organisasjonane etter kor mange sal det har vore.50 % av overskotet vert donert vidare! Summen vil variere noko frå armband til armband etter kva materiale som er brukt.Døme: (Tala er oppdikta)Pris: 150 krMaterialkostnad: 35 krGebyr for betalingsløysing: 5 kr150 − 35 − 5 = 110 kr110 / 2 = 55 krDå vert 55 kr donert til den gjeldande organisasjonen.
For å finne storleiken din kan du bruke eit måleband og måle rundt der du skal ha armbandet.Har du ikkje måleband, kan du bruke ein bit hyssing, tau, skolisse eller liknande. Då legg du det rundt handleddet der du vil bere armbandet, og merkar eller klippar til.Legg så tauet flatt og mål frå ende til ende.TIPS:Dersom du bestiller armband med strikk: Legg til 0,5–1 cm.Dersom du bestiller armband med lås: Hugs å ta høgde for kor laust eller fast du likar å ha det. Dei fleste låsearmband kjem med ei lenke på 1–5 cm som gjer det enkelt å tilpasse, men ikkje alle.
Alle armbanda vert handlaga av meg, og eg vil alltid gjere mitt beste for å gjere dei ferdige og sende dei din veg så raskt som mogleg. Vanlegvis tek det 2–3 arbeidsdagar, pluss postgang.Dersom du bestiller noko som allereie er ferdig, eller som eg lagar mykje og ofte, vil det gå noko raskare enn med personlege bestillingar med meir avanserte design.Ved unormalt stor pågang kan det ta 4–5 arbeidsdagar, men dette skjer ikkje ofte.
For å sikre at det nye smykket ditt varer lengst mogleg, rår vi til at du unngår kontakt med kremar, parfyme og annan kosmetikk. Ta av deg smykket når du søv, dusjar eller trenar. Beskytt det mot vatn, salt, sol, klor og kjemikalium. Oppbevar smykka i eit tørt rom, helst ikkje på badet. Ver oppmerksom på at pletteringa vil slitast over tid; dette er normalt og gjev ikkje grunnlag for reklamasjon.
Ettersom Kjensle dedikerer 50 % av overskotet sitt til veldedighet, kan me ikkje tilby særleg økonomisk vinning for utsalsstader. Me kan derimot tilby massevis av god karma, takksemd og store smil! Derfor håpar me likevel at butikkar ynskjer å støtte arbeidet me gjer, ved å ha ein liten boks, eit armbandstativ eller liknande med ein plakat hjå seg. (Me står for alt)Sjølv om de ikkje tener på dette direkte, veit me at bedrifter som støttar veldedige føremål, kan bruke dette positivt overfor kundane sine og i marknadsføringa.Kjensle er òg villig til å inngå avtalar som ikkje går ut over dei prosentane me donerer.
Til dømes eit kompromiss mellom butikkpris og vår halvdel av overskotet.Om dette høyrest interessant ut, send ein e-post til hei@kjensleord.no, så finn me ei løysing saman!
De er ikkje dei første! Dette tykkjer eg er ekstra morosamt!For ORGFO (organisasjon og forening) bestillingar (over 10 stk.) med ord, namn eller anna som skal vere spesifikt til dykk, sender du ein e-post til hei@kjensleord.no for å bestille. Det gjeld òg armband i større skala som allereie finst på nettsida (til dømes migrene, narkolepsi osv.).ORGFO kan få ein samarbeidspris mot at dykk reklamerer for Kjensle tilbake. Ved å gje ein betre pris til dei som står i frontlinja, vil Kjensle bidra til å skape synlegheit for sjukdomen eller engasjementet dykk arbeider for. Kanskje startar det samtalar med nokon som ikkje veit om organisasjonen eller sjukdomen frå før? Kanskje kan armbanda gjevast vidare til medlemmer, vere premiar i lotteri eller anna! Uansett er det i Kjensle si ånd at armbanda kjem der dei høyrer heime – ute blant menneska som er involverte og bidreg til opplysing og dialog!
Smykka frå Kjensle vert laga på bestilling og fell dermed ikkje inn under angrerettlova slik ferdiglagde produkt gjer. Skulle du likevel føle at produktet du har motteke ikkje svarar til forventningane dine, eller er defekt, kan du ta kontakt med oss, så finn me sjølklart ei løysing.Angrefristen går ut 14 dagar etter den dagen du, eller ein annan tredjeperson enn transportøren som du har peika ut, får varene i fysisk eige, eller den dagen du, eller ein annan tredjeperson enn transportøren som du har peika ut, får det siste partiet eller den siste delen i fysisk eige. Benytt deg av angreretten ved å sende ein e-post til hjelp@kjensleord.no, der du skriv at du ynskjer å nytte deg av angreretten. For å kunne behandle førespurnaden din så raskt som mogleg, må du skrive ordrenummeret ditt i e-posten.Dersom du nyttar deg av angreretten, skal vi betale tilbake alle betalingar vi har motteke frå deg for vara/varene, med unntak av fraktkostnaden, seinast 14 dagar etter at vi har motteke vara i retur. Vi gjer tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du nytta ved den opprinnelige transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtalt noko anna med oss. Kjøparen er ansvarleg for kostnadene ved å returnere varene. Vi rår til at varene vert sende i originalemballasjen med sporing og forsikring. For at me skal kunne godkjenne returen, må produktet/produktene sendast tilbake i den originale forma si, utan skadar og med esker/poser eller anna som følgde med.Følgjande varer kan ikkje bytast:Smykka som er tilpassa eller personlege bestillingar.
Skulle vara vere skada eller defekt, bytast den sjølvsagt for deg.
Fraktkostnadene vert dekka.Varer på sal
Kjensle kan du førebels berre kjøpe på nett, enten her på heimesida eller på Instagram.Du finn enkelt fram i nettbutikken til dei ferdige produkta, eller til produkta som heiter «personleg bestilling» om du vil ha noko unikt.
bottom of page


