ANKI armband
150,00 krPris
Duse og sjarmerande rosamiksa armband med detaljar i gull eller sølv.
Unikt i som det er, men òg eit statement med uttrykket sitt, sjølv i pastell.
Fint åleine, eller i kombinasjon med andre fine armband.
Armbandet er elastisk og laga av 4 mm rocaillesperler.
ANKI låner namnet sitt frå ei ung, men sterk og modig kvinne. Ho står i kreftkampen dagleg, samstundes som ho har kvardagen med mann og born. Med dette armbandet kjempar me i lag med ho.
Dersom ikkje noko anna vert spesifisert, vil støtta frå dette armbandet gå til Kreftforeningen.
Produktet vert sendt med Posten – Liten Norgespakke, med dei gjeldande prisane deira.
Det inkluderer sporing og forsikring.



