CAROLINE - Personling tekst
Caroline er perfekt å tilpasse til akkurat det du treng.
Om det er til deg sjølv eller ei gåve til nokon andre - så kan Caroline vera kva du vil.
Armbandet er elastisk, laga i 4mm rocailles ogndunkan velje fargen sjølv.
Vel tekst, i den tekstfarga som passar best. Anbefalar ikkje meir enn 8 bokstavar, men det er mogleg med opp til 10. (Æ, Ø og Å finst berre i kvit med svart skrift og kvit med gullskrift)
Tips frå det som andre har vald:
Omtanke
Bestevenn
Venn
Neuro spicy
Fremover
Pust
Spesiell
Mamma
Søster
Tante
Som du ser er det berre fantasien som set grenser for kva Caroline armbandet kan gjere for deg, nett som ekte Caroline det er oppkalla etter. Ho som gir av seg sjølv til alle, lånar ei hand når du treng hjelp, delar når ho har til overs, og er godt selskap når dagane kjennast einsamme.
50% av overskotet frå CAROLINE går til MS forbundet, fordi saka er Caroline nærast.
50% av overskotet frå Caroline går til MS forbundet.
MS-forbundet er ein landsomfattande interesseorganisasjon som arbeider for å betre livsvilkåra og kvardagen til menneske med multippel sklerose (MS) og deira pårørande. Organisasjonen driv eit aktivt politisk påvirkningsarbeid for å sikre pasientar rask tilgang til dei beste medisinane, god rehabilitering og likeverdige helsetenester over heile landet. Dei er Noregs største private bidragsytar til MS-forskning, og samlar inn midlar for å finne betre behandlingsmetodar og i framtida kanskje ei kur for sjukdomen. Gjennom sine 43 lokalforeiningar skapar dei viktige sosiale møteplassar og nettverk der råka kan utveksle erfaringar og støtte kvarandre. Forbundet tilbyr også gratis rådgivning, kurs og likepersonsarbeid der erfarne frivillige gir rettleiing og emosjonell støtte i krevjande livssituasjonar. I tillegg eig og driftar dei MS-senteret Hakadal, som tilbyr spesialisert og tilpassa rehabilitering for personar med diagnosen.
Takk for støtta!



