HENNI smykke
Hennie smykke er eit enkelt, svalt og nydelig smykke.
Tredd på metalltråd slik at formen held seg like fin heile tida.
Perla med ei blanding av ekte ferskvannsperler, fasetterte glassperler og Rocailles perler.
Vel mellom gull og sølv.
Andre fargar vil koma etter kvert, men du kan og etterspør fargar sjølv.
Henni er oppkalla etter mi rolige, omtenksame men og hysterisk morosamme litlesøster. Ho er lita, men full i kjappe kommentarar, hjelper når det trengst og er verdas beste tante.
50% av overskotet går til Mental Helse Ungdom.
50% av overskotet frå HENNI går til Mental Helse Ungdom<3
Mental Helse Ungdom er ein uavhengig medlemsorganisasjon som jobbar for at alle barn og unge opp til 36 år skal ha ei god psykisk helse. Dei reiser rundt på skular og held føredrag for å bryte tabu og skapa openheit rundt psykiske utfordringar. Organisasjonen driv også gratis og anonyme hjelpetilbod, som chatten «Hjelpelinjen», der unge kan få snakke med trygge vaksne når livet er vanskeleg. I tillegg skaper dei trygge møteplassar og aktivitetar over heile landet, slik at ungdom kan oppleve fellesskap og sleppe å føle seg åleine. Gjennom politisk arbeid kjempar dei aktivt for at kommunane skal få fleire og betre psykiske helsetilbod tilpassa unge. Kort sagt gjer organisasjonen alt dei kan for at ingen unge skal måtte stå aleine med tankane sine.



