IVA armband 4mm
150,00 krPris
Nydelig og fresht armband i knallrosa, og gull eller sølv.
Enkelt og vakkert i seg sjølv, men ein liten statement med friske fargar.
Fint åleine, eller set det saman med andre armband.
Armbandet er elastisk og er laga av 4 mm rocaillesperler.
Det er eit armband. Bileta viser ulike samansetningar.
IVA har lånt namnet sitt frå ei sterk dame som tydde mykje for mange. Sjølv om ho vart mange år gamal, var det til slutt blodkreft som vart for mykje for kroppen hennar. Det er ei ære å minnast ho med dette armbandet.
Dersom ikkje anna er spesifisert vil støtta frå dette armbandet gå til Kreftforeningen.
Produktet vert sendt med Posten – Liten Norgespakke, med dei gjeldande prisane deira.
Det inkluderer sporing og forsikring.



