STINE ring
Nydelege Stine ring, laga i fargerike fassetterte glasperler gjer deg akkurat så skinande som du fortener å væra. Varmt, dust og passe livleg!
Ringen er elastisk, og lagast på bestilling til di storleik.
Du kan og kjøpe matchande Stine armband for ein komplett look.
Stine er oppkalla etter ei som opplevast akkurat som dette armbandet. Varm, snill, sprudlande, full av kjærleik, moro og vener!
50% av overskotet frå Stine ring går til Stiftelsen Sykehusbarn
50% av overskotet til dette armbandet (om ikke anna blir spesifisert) går til Stiftelsen Sykehusbarn.
Stiftelsen Sykehusbarn jobbar for å skape magiske augeblink og ein betre kvardag for alle barn som er innlagde på sjukehus, uansett kva diagnose dei har. Dei finansierer besøk av sykehusklovnar, magikarar, teater og musikarar direkte på sengepostane for å gje barna eit sårt trengt avbrekk. Stiftelsen lønnar også faste musikkterapeutar på fleire sjukehus for å gje pasientane meistring og dokumentert smertelindring. I tillegg kjøper dei inn leker, spel, VR-briller og pusser opp opphaldsrom slik at sjukehusa blir meir barnevennlege. Gjennom bidrag til «Avansert heimesjukehus» hjelper dei også til med at fleire alvorleg sjuke barn kan få behandlinga si heime i eiga stove.



