top of page

VÅRIN

299,00 krPris
Storleik
15 cm
16 cm
17 cm
Farge på kontrastperler
0/200
0/500
Antall

Vårin er eit vakkert armband med blomstrar som skil seg ut.

Stilig og elegant, men ikkje skrikande. Berre iøynefallande og flott.

Det gjev noko ekstra til dei anledningane me vil pynta oss, eller når me vil skina litt i kvardagen.

Valmoglegheitene er uendelege. Like eller ulike blomstrar?

Haustfargar, pastell, kraftige eller klare fargar? Berre fantasien set grenser.

Vårin kan du utforma sjølv, slik at det representerer akkurat deg.


Du kan velja mellom gull og sølv som base.

Perlene kan vera fasett eller voksa glasperler, med 2–3 mm rocaillesperler som kontrast.

Vårin er ikkje elastisk, men bygd på nylon eller tiger wire, og vert laga etter dine mål.

Kjedet har ei forlengerlenkje på 5 cm, slik at du kan tilpassa storleiken.

Kjedet er rustfritt stål, 18K gullbelagt om gullfarga.


Vårin er oppkalla etter mormor. Ei sprek og aktiv dame på nær 80 år, noko ho på ingen måte viser. Ho svarar alltid når du ringjer, kjem når du treng hjelp, og lagar deilig middag når du inviterer deg sjølv på besøk. Kjærleik som den frå mormor (og oldemor) skal du leita lenge etter. Ho har opne armar, ope hjarte og tek deg imot akkurat som du er. Ho leikar energisk med borna, og får med seg kvar einaste detalj til seinare.


50 % av overskotet frå VÅRIN går til Stiftelsen Sykehusbarn. Mormor og oldemor elskar born, og har hatt eit langt arbeidsliv på sjukehuset. Stiftelsen har ein visjon om at kvart einaste barn på sjukehus fortener magiske augeblink, uansett kvifor dei er innlagde.

Produktet vert sendt med Posten – Liten Norgespakke, med dei gjeldande prisane deira.


Det inkluderer sporing og forsikring.

bottom of page